Naustet

Der står eit hus aller nedst mot fjera
og stirer blindøygt mot sjø og hav,
med låke veggar
og tunge dører,
med grisne skjeltrar og gammalt stav.

Det står der stilt utan glas og gluggar,
ja utan golv, utan loft og lys,
og vinterdagen
sig gjennom veggen,
med gufs av vøte og trekk og frys.

Men om no golvet er berre moldgrus,
det gjømmer minne i flo på flo,
av bruk og verkty
og gammal stordom
om ingen hender det nyttar no.

Men det er soge om menn som levde
i lite lys, og som fraus og svalt.
Gå inn i naustet
og stå der lenge,
der finn du runer som seier alt.

Her er ein styrvol du skulle sjå på,
eit spjerra segl og ein sundslått båt.
Det ligg her verdlaust
og endå er det
vår kvardagssoge i von og gråt.

Men slår det opp sine store dører,
Då får kvar tingen der inne liv.
Då levnar støa,
då vaknar fjera,
og folk og kvardag får fart og driv.

Det står eit nedslite hus ved sjøen
og skeivt det verkar i bord og stav.
Det står der fattig
og grått som fjera,
og stirer ut mot det åpne hav.

Kilde:
Fra diktsamlinga Steingaren framfor havet. Orkana, 2001.
Gjengitt med tillatelse fra forlaget.

 

ansvarlig redaktør: Aud Tåga | vevmester: Trine Mellem | © 2006 Troms fylkesbibliotek |